Jostedalsbreen nasjonalpark
Jostedalsbreen nasjonalpark er med sine 1315 km 2 den 4.
største nasjonalparken i landet. Nasjonalparken vart oppretta i 1991 og utvida
i 1998. Jostedalsbreen er ein stor platåbre med mange brearmar og er den
største breen på fastlandet i Europa. Nasjonalparken inneheld òg mange andre
mindre brear.
Breane og smeltevatnet har danna ei mengde med morener og andre
geologisk interessante formasjonar. Heile området er særmerkt med dei store
kontrastane over korte avstandar frå fjordar og frodige stølsdalar til karrige
fjell- og breområde.
Sprudlande bekkar, elvar og fossar i fjellsidene og
dalane kjenneteiknar området. Nasjonalparken er eit av dei største områda med
kvalifisert villmark som er att i Sør-Noreg. Jostedalsbreen vert nytta til
friluftsliv, undervisning og forsking. Nokre av brearmane er av dei mest vitja
turistattraksjonane i Noreg. I dalane kring breen er det eit aktivt
jordbruk.
Dalføra Sunndalen, Erdalen og Bødalen vart med i nasjonalparken i 1998
etter at Stortinget gjennom Verneplan IV for vassdrag avgjorde at Stryne- og
Loenvassdraga (Breheimen-Stryn) ikkje skulle byggjast ut.
Forvaltningsplan for nasjonalparken var ferdig og godkjend (1994).
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ansvarleg for forvaltning av
nasjonalparken, og
Statens naturoppsyn (SNO) er ansvarleg for skjøtsel,
informasjon og oppsyn.
Nasjonalparksenter er Breheimsenteret,
Jostedalsbreen
Nasjonalparksenter og Norsk Bremuseum.